FRÅ TYSNES · SOFTWARE & FOREDRAG

Eventyr og data frå Tysnes.

Funksjonell programvare som løyser kvardagsproblem for mindre bedrifter og lag, og foredrag om koding, AI og å byggja ting folk faktisk brukar.

Bygd på Tysnes● Frå idé til utprøving på dagar● Data i EU● Svar same dag
GRUNNTANKEN

Skikkeleg programvare treng ikkje vera dyrt.

Dei store har lenge hatt system som samlar alt. For dei små har det ofte vore for dyrt, og då endar ein med rekneark og fem abonnement. Eg lagar det same til ein langt lågare pris: mindre admin, betre oversikt, for verksemda i bygda og laget i grenda.

PRODUKTET

HOSPO: heile drifta på éin stad

Vaktplan, internkontroll, styreportal, utleige og søknadar i éin rimeleg pakke.

Sjå hospo.no →
Madsen Eventyr og Data