AI har endra reknestykket for skreddarsydd programvare. Det som før kravde månader med utvikling, kan no prøvast ut på nokre dagar. Dermed løner det seg brått å løysa kvardagsproblema i ei lita bedrift, ikkje berre dei store.
Oppgåva som stel timar kvar veke: rapportar, lister, purringar. Slikt kan ofte automatiserast for ein brøkdel av det det kosta før.
Usikker på om noko vil hjelpa? Eg byggjer ein enkel versjon og prøver han i drifta di. Hjelper han ikkje, har du ikkje tapt stort.
Kvaliteten blir ikkje lova på papir, han blir prova i bruk. Det som ikkje held i ein travel kvardag, blir ikkje ståande.
Det kan stoppa ved eit lite verktøy, eller veksa til noko større. HOSPO starta akkurat slik: eitt kvardagsproblem om gongen.
Det er ikkje ein feil, det er naturen til AI: ein sannsynsmodell som gjettar, ikkje ein kunnskapsbase. Jobben min er å omforma den probabilistiske naturen til deterministiske produkt, og det krev tid og tolmod. Enkelt sagt: aldri stol heilt på AI-en. Han veit ikkje at han lyg når han lyg, det er mi forklaring på kva hallusinering er.
Eg byggjer løysinga i hovudet før eg skriv prompten. Klarer eg ikkje å formidla kva AI-en skal byggja, er det nesten umogleg å vita kva som kjem ut. Skit inn, skit ut gjeld her òg.
Møt kvar idé med blanke ark, og ikkje la deg stoppa av «det klarer ikkje AI». Sjekk først, du blir som oftast forbausa over kva ein språkmodell får til. Men det er ikkje magi: ikkje stol blindt på det han produserer.
Les deg opp, lytt til folk som kan meir enn deg, og tenk tryggleik heile tida. Ikkje la AI ta full kontroll over oppgåva: ver i loopen sjølv. Og ver på hogget, det går rykande fort om dagen.