Eg held foredrag for lag, bedrifter og konferansar om koding, AI og det å laga software folk faktisk brukar. Konkret, ærleg og utan buzzord.
Moglegheiter, truslar og moglege framtidar. Kva AI faktisk kan gjera for ei lita verksemd i dag, kvar fallgruvene ligg, og korleis dei neste åra kan sjå ut. Med konkrete døme frå eiga drift: booking, vaktplan, gåvekort, oppgjer og hamneleige i eitt.
Med restauranten på Tysnes som utgangspunkt: korleis eit lite eventyr i bygda kan skapa aktivitet, arbeidsplassar og nye idear, og kva teknologi har hatt å seia undervegs.
Fortel meg om arrangementet, så finn me eit opplegg som passar.