Eg byggjer funksjonell programvare på Tysnes, og held foredrag om vegen dit.
Eg er i grunnen ein softwareutviklar, ein såkalla «vibekodar», men held òg foredrag, derav det litt opne «eventyr» i namnet. Eg lagar verktøy som løyser heilt konkrete kvardagsproblem for mindre bedrifter, lag og organisasjonar: styreportal, utleigemodul, vaktplan.
Bakgrunnen min er ein miks: lang erfaring frå restaurantbransjen, styreverv i lag og organisasjonar, og ein stor interesse for IT. Det er den kombinasjonen som gjer at det eg byggjer faktisk held i drift: det er laga i ein ekte kvardag, ikkje på eit kvitt ark.
Eg byggjer for det faktiske problemet, ikkje for funksjonslista.
Det skal halda når det står på, testa i ein travel kvardag.
Skikkeleg software til ein pris små verksemder toler.
Du snakkar med han som bygde det. Svar same dag på kvardagar.
Under pandemien brukte eg ein god del tid på å læra meg pixelart, og eg er stor fan av 8- og 16-bit-æraen til Nintendo. Difor ser sida ut som ho gjer: handteikna piksel, frå Tysnes.
Ta kontakt